For mange går vegen fram mot julekvelden innom kyrkja på julafta. For endå mange fleire høyrer høgtlesing av juleevangeliet med på eit fast tidspunkt som ein av kveldens tradisjonar. Om du ikkje har kjøpt eller fått den nye bibelutgåva, så finn du all bibelteksten på www.bibel.no, også juleevangeliet slik vi finn det i Evangeliet etter Lukas, kapittel 2. I kyrkjene kjem vi til å bruka den nye omsetjinga. I det sjuande verset får vi høyra om at det ikkje var husrom for den vesle familien. Men var det ikkje snakk om eit herberge, der dei ikkje kunne vere? Kor er herberget blitt av det? Og kva er forresten eit herberge?
Tidligere vart det greske ordet «katalyma» i Lukas 2,7 omsett med «herberge»: «...for det var ikkje rom for dei i herberget». Fagfolk syner til nyare forsking som kan tyde på at det ikkje var noko herberge i Betlehem på tida rundt Kristi fødsel. Dette var ein by som ikkje låg ved nokon hovudveg. Andre fagfolk meiner at for Josef og Maria ville det vera mykje meir naturleg å overnatta hjå slektningar i Betlehem. Så ugjestmild kunne byen trass alt ikkje vera!
Hans-Olav Mørk, som var prosjektleiar for arbeidet med denne Bibel 2011, skreiv om valet omsetjarane har gjort. Der følgde dei det greske ordet katalyma til andre stader det er brukt i Det nye testamentet. Som verb kan ordet tyda «å ta inn hjå» eller «å vera gjest hjå» nokon, slik som når Jesus kjem heim til Sakkeus og er gjesten hans (Lukas 19). Dei såg også på korleis ordet var brukt då det gamle testamentet vart omsette frå hebraisk til gresk nokre år før Jesu fødsel. Der vart det same ordet brukt om «nattely» eller «husrom» for reisande, ein plass der gjester kunne sova.
I juleevangeliet ser vi at ordet «krubbe» vert brukt heile tre gonger. Det understrekar at det ikkje er vanleg at eit nyfødd spedbarn vart lagt i dyra sitt matfat. Då skjønar me som les at grunnen til at Jesus vart lagt i krubba, nettopp var at det ikkje var plass til den vesle familien der dei reisande vanlegvis sov. Ikkje eingong der var det plass.
Så altfor mange menneske, mange av dei barn, er heimlause og lir på grunn av maktmenneske si tru på vald og drap. Andre kjenner på smerten i utanforskap av mindre voldsomme grunnar. Men jula kjem til oss og minner om at Guds Son tek plass mellom heimlause, blant dei som lengtar etter ein trygg stad å høyre til. Det er ikkje vesentleg kva type hus eller fellesskap det ikkje var plass i, korkje då eller no. Det viktige er at me blir vist eit bilde av ein heimlaus Gud. Ein Gud som er sårbar og som søker fellesskap. Som både sjølv tilbyr fellesskap, og som gjennom si heimløyse utfordrar oss til å tilby fellesskap.
Slik minner Juleevangeliet om at Gud no har fått sin heim mellom oss som på ulike vis er heimlause. Etter dette må ingen vere heimlaus lenger. Og om nokon er det, så er det ikkje etter Guds vilje, men eit kall til oss alle om å ynskje andre velkomen inn.
Velkomen heim i kyrkjene til jul! Framleis god advent!
Av Kjell Olav Høstaker Nordheim