På fleire område har bryllupsparet moglegheit til å velja. Difor bør prest/kantor og dei som skal viast starta planlegginga av kyrkjebryllaupet i god tid. Valmoglegheitene kan oppsummerast i åtte punkt:
1. Skriftlesninger
Det blir lista opp ei rekke forslag i ordninga for vigsel. I praksis står heile Bibelen til disposisjon for å finna tekstar som passar for det bryllaupet det gjeld. Kva skal lesast? Er det temaet som betyr noko spesielt for paret? Er det noko dei ønsker å legga spesiell vekt på?
2. Skriftlesningene
Medlemmer av bryllaupsfølgjet kan delta med skriftlesning. Kva ønsker paret? Skal bror eller søster lesa? Mor og/eller far? Forloverne? Venner? Andre i familien? Eller vil paret helst at presten skal lesa?
3. Ekteskapsløftene
Ekteskapsløftene kan inngåast på to måtar. Første valmoglegheit har to spørsmål til dei som skal viast. Andre valmoglegheit er at paret sjølv framfører ekteskapsløfta. Det skjer ved at begge gjentek etter presten: Eg tar deg (namnet) til ektefellen min. Eg vil elska og æra deg, og bli trufast hjå deg i gode og vonde dagar inntil døden skil oss. Kva ynskjer paret?
4. Overrekkelse av ringar
Det er mogleg å ta på ringa under seremonien. Om ein ønske det, kan dei som skal viast leia overrekkelsen av ringa ved sjølv å framsi følgjande etter presten: NN, eg gir deg dette ringet som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap. Kva ynskjer paret?
5. Forbønn for ekteparet.
Paret kjem fram til alterringen og kneler under forbønnen. Ein kan velja mellom to ulike forbønner. Dessutan kan det føyast til ei fri formulert bønn som f. eks. paret sjølv har skrive eller ønsker. Her kan dei gi uttrykk for håpa og tankane sine om livet som ligg føre dei. Det blir òg gitt moglegheit til lystenning under forbønnen. Kven skal gjera han? Søsken? Foreldre? Forlovarane? Vener? Og korleis skal lystenninga skje? Viss ein vil, kan det syngast ein bønesalme medan ekteparet knelar på alterringen. Kva ynskjer paret?
6. Musikk/symbolhandlingar
Deltakarane i bryllaupsfølgjet og andre kan medverka med musikk, høgtlesing eller andre kulturelle innslag. Her blir gitt moglegheit for kreativitet og deltaking for å gjera seremonien endå meir personleg. Det kan her f. eks. bli opna for element som understrekar den etniske bakgrunnen til paret. Der den eine part har ein annan kyrkjeleg tilhørighet enn Den norske kyrkja, kan det her blir opna for deltaking frå vedkommande kyrkjesamfunn.
Enkeltelementer i seremonien - som musikk, opplesing og andre innslag - skal utformast i samsvar med at eit kyrkjebryllaup er ei kyrkjeleg handling av gudstjenestelig karakter. Men det er opning for kreativitet, der dei som skal viast kan få gi seremonien sin personlege preg. Kva ynskjer paret?
7. Bryllupsmesse
I Den romersk-katolske kyrkje blir eit kyrkjebryllaup alltid feira som ei messa, dvs. at det inngår nattverd i kyrkjebryllaupet. No har det òg vorte mogleg i Den norske kyrkja. Ynskjer paret ei bryllupsmesse?
8. Prosesjonene
Skal bryllupsparet gå inn saman? Skal det vera med brudepiker og brudesveinar? I rettleiinga til ordninga for vigsel heiter det: Dersom det er ynskjeleg, kan dei som skal viast, éin eller begge forlovarane, representant(er) for familiane, liturg (dvs. prest) og andre gå inn i kyrkja i prosesjon. Kva ynskjer paret?