Stilling ledig

Kyrkjelydspedagog/ Trusopplærar/ Kontormedarbeidar Bremanger kyrkjeleg fellesråd har frå 01.08.2018 ledig 50 % stilling som kyrkjelydspedagog/ trusopplærar og 40 % som kontormedarbeidar. Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med i underkant 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no. Informasjon om kyrkja finn du på www.bremangerkyrkja.no. Kyrkjelydspedagog/ Trusopplærar 50 % stilling som Kyrkjelydspedagog/ Trusopplærar skal delast mellom ytre Bremanger og Rugsund, Davik og Ålfoten sokn. Kyrkja i Bremanger ønskjer å formidle EIN LEVANDE GUD og vere ei levande kyrkje for folket i Bremanger. Vi har mange flotte ulønna og lønna medarbeidarar som gjer ein kjempeinnsats innan søndagsskular, barnekor og anna barne- og ungdomsarbeid. Vi ønskjer å tilsette ein person som saman med sokneråda, dei andre tilsette og frivillige, kan vere med å løfte det kyrkjelege arbeidet fram, slik at vi kan femne bredt med våre tilbod. Arbeidsoppgåver: • Saman med dei andre trusopplærarane, ha fokus på dei kontinuerlige tiltaka og trusopplæringa i Bremanger. Kyrkjelydspedagogen/ trusopplæraren vil inngå i teamarbeid med dei andre tilsette og ha påverknad i utforminga av stillinga. Ønska kvalifikasjonar • Vi legg vekt på personlege eigenskapar som t.d. at ein liker å arbeide med born og unge. • Høgare utdanning innan pedagogikk og kristendom. • Anna høgare utdanning kan og vere relevant. • Du må vere sjølvstendig i ditt arbeid og ha evne til samarbeid. • God til å formidle gjennom ulike metodar, t.d. musikk, dans, idrett, friluftsliv, drama og forteljing. Personar utan formelle faglege kvalifikasjonar kan og vere aktuelle for stillinga. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest (barneomsorgsattest). Du må disponere bil. Kyrkjekontoret i Kalvåg er utgangspunktet for kyrkjelydspedagogen sitt arbeid. Kontormedarbeidar Bremanger kyrkjeleg fellesråd har frå 01.08.2018 ledig 40 % stilling som Kontormedarbeidar. Arbeidsoppgåver: - Kontormedarbeidaren vil, både gjennom ekspedisjon og telefonservice, få mykje kontakt med publikum. - Kontormedarbeidaren får ansvar for kontormessige rutinar som: Postteneste, arkivhandsaming og journalrutinar. - Kontormedarbeidaren skal hjelpe til med kunngjering og informasjon om gudstenester og kyrkjelyden sine aktivitetar. - Kontormedarbeidaren fører medlemsregister m.m. etter nærmare gjevne reglar. - Kontormedarbeidaren har sekretærfunksjonar innanfor felles administrativ karakter i forhold til fellesråd og sokneråd. - Kontormedarbeidaren har ansvar for ajourføring av gravregister. - Kontering og attestasjon av fellesrådet sine rekningar/fakturaer. - Når kyrkjeverje har fri, har kontormedarbeidaren ansvar organisering av m.a. gravferder. Ønska kvalifikasjonar - Fagbrev i kotorfag. - Gode datakunnskapar. - Erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver. - Vi ønskjer ein person som er ryddig og nøyaktig i utføring av sine arbeidsoppgåver. Kyrkjekontoret i Svelgen er Kontormedarbeidaren har kontorplass på Rådhuset i Svelgen. For begge stillingane gjeld: Stillingane kan søkjast på samla eller kvar for seg. Løn etter avtale. Tilsetjing skjer etter gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Det er 6 månaders prøvetid for stillingane. Pensjonsordning gjennom KLP. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Dersom du er interessert, ta gjerne kontakt med kyrkjeverje Knut Arne Vadøy på tlf. 91706595 el.95229770. Søknad med CV og rettkjende vitnemål og attestar må sendast til: Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller e-post: kav@bremanger.kommune.no, innan 16.07. 2018. Kyrkjeverje