Årsmelding 2024 for Forsand sokn

Her kan du lese årsmeldingen for 2024

Julekoret 2025

Dette året har romma mykje, både gleder og sorger slik det pleier. I dette er det likevel ordet takk som kjem fram når ein skal gjera opp status.

Takk til alle som har gitt av si tid til å vera kyrkje, og til å bæra kyrkja gjennom kvardag og fest. Me gler oss ekstra over vekst i ungdomsarbeidet og over Julekoret som samla så mange frå bygda vår.

 

I alt arbeidet som blir gjort i kyrkjelyden er det med eit håp at me kan ha eit godt fellesskap for alle,  få vera ein neste for den som treng det, og at visjonen «Inn til Kristus – ut til alle» kan vera mål og fokus.

 

 

Soknerådet har hatt denne samansetjinga:

Siri Giskegjerde, leiar

Rolf Magne Haukalid, nestleiar

Gerny Berge Vestbøstad

Andreas R Frantzen

Kjersti Rettedal

Tsegaye Degefa

Ole Wollert Meyer, fellesrådsrepresentant

Ragnhild Rettedal, 1.vara

 

Soknerådet har hatt 7 møter og behandla 38 saker.

 

Tilsette:

Ole Wollert Meyer, sokneprest (100%)

Hege Tungland Langbakk, musikalsk leiar (50%)

Siv Fossan, dagleg leiar (50%, men har òg 30% på fellesrådsktr)

Irene Idland Thu, kyrkjelydsarbeidar (60%)

Jennifer W Schrisunder, kyrkjetenar  (30%)

Hilde Dirdal, ungdomsarbeidar, tilbake frå permisjon i mars, men har hatt permisjon i 20% av stillinga resten av året.

Gerny Berge Vestbøstad, vikar ungdomsarbeidar fram til mars (40%)

 

 

Trusopplæring:

·       Utdeling av bok til fireåringane

·       Utdeling av aktivitetsbibel til førsteklassingane

·       Dåpsbesøk til første, andre og tredjeårs dåpsdag

·       Tripp trappklubben/småbarnstrall for born under skulealder i følgje med føresette.

·       Awanagrupper i gudstenesta (søndagskule) på alle gudstenestar som ikkje er familiegudsteneste

·       Kongeklubben for 6 åringar

·       Lys Vaken, overnatting i kyrkja for 5. og 6. klasse

·       Gjengen – 1 gong i mnd for dei som har vore på Lys Vaken.

 

Fleire av desse tiltaka har ut frå medlemskap i kyrkja, meir enn 100% oppslutning.

 

 Konfirmantarbeid:

 Konfirmantåret 23/24: 20 stk blei konfirmert i Forsand kyrkje fordelt på 2 søndagar i mai

 Konfirmantåret 24/25: 13 stk starta konfirmantundervisning i haust med felles konfirmantleir, Camp Ryfylke. I tillegg til sokneprest Ole Wollert har ungdomsarbeidar Hilde vore med i undervisninga. Tiril Espedal har vore med som leiar på nokre samlingar.

Anna ungdomsarbeid 

Connect har hatt sine samlingar gjennom heile året, kvar andre laurdag. Her er det foreldre pluss ungdomsarbeidar som er leiarar. I februar hadde dei weekend til Liland i Sirdal.

 Josvagruppa - Samtale/bibelgruppe for ungdom frå ungdomsskulealder og eldre. Denne gruppa samlast i heimen til Siri og Tor Andre Giskegjerde annakvar måndag.

 

Bedehuset

Me er takknemlege for samarbeidet med misjonsorganisasjonane og alt arbeid som vert drive på bedehuset.

Me vil særskilt trekke fram samarbeidet knytt til ungdomsarbeidaren, og arbeidet for born og unge med jente -og guttelaget og fredagsklubben.

 

Diakoni

Andaktar på Forsandheimen annakvar torsdag.

Songstund på Forsandheimen annakvar torsdag.

  

Besøkstenesta:

·       Besøk til jubilantar

·       Besøk av oppmuntringsgruppe utanom åremålsdagar

·       Besøk til nyinnflytta

·       medvandrarteneste

 Tilbod om sorggruppe saman med Strand og Jørpeland

 Ope kyrkjetorg kvar måndag frå 10-14.

 Språkkafè: Annakvar måndag i kyrkjetorget.

 Godhetsdag der konfirmantar saman med vaksne tok oppdrag rundt om i bygda.

 

Samarbeid skule og barnehage

·       Påskevandring for barnehagen og 1.-4. klasse måtte dessverre gå ut dette året pga sjukdom

·       Adventssamling for barnehagen

·       Skulegudsteneste

Me opplever samarbeidet med barnehage og skule som godt.

 

Gudstenestene

Me gler oss over at gudstenesteframmøte er stigande. Det er òg fint at det er mange frivillige med i gudstenesta. Det som har vore mest utfordrande er å ha nok leiarar til awanagruppene. Positivt i år er at me har fått med tre unge leiarar.

Målet er framleis å  byggja eit godt fellesskap for heile familien. Eit fellesskap ein kan høyra heime i og som ein nødig vil gå glipp av.

Me er takknemlege for forbønstenesta før kvar gudsteneste oppe på samtalerommet i tilbygget.

 

 Lyse kapell

Den faste gudstenesta i Lyse var 18. juni. Elles var det òg juletrefest i januar med mange frammøtte.

Takk til Berit Tangen, kontaktperson for kapellet som gjer ein god innsats saman med fleire i dugnadsgjengen for kapellet.

 

Familiearbeid, integreringsarbeid

Gudsteneste i Øvre Espedal

Weekend til Vaulali ungdomssenter

Språkkafe

Turar etter nokre gudstenestar

 

Anna kyrkjelydsarbeid/Samlingar

Nytt tiltak denne hausten er Lovsangskveldar. Charlotte Frantzen er ansvarleg, men med seg har ho eit godt team.

Dette har blitt flotte kveldar, og det er med glede at teamet ønskjer å forsetja med dette i 25 også.

 I år samla Hege bygda til Julekor. Med ca 60 stk fordelt på eit alderspenn frå tre til over sytti år blei dette ei storsatsing og ei storhending i bygda. Veldig gode tilbakemeldingar på koret, og dei som var med uttrykte stor glede for å vera ein del av dette.

  

Misjon:

Kyrkjelyden har to misjonsprosjekt:

NMS: Evangelisering i Blånildalen

Normisjon: Kyrkjelydsbygging i Sør-Aust Asia

  

Kyrkjelydsbladet Preikestolen

Felles blad saman med sokna i Strand og Hjelmeland kommune. Kjem ut 4 – 5 nr. i året. Dette skal i utgangspunktet finansierast av annonse og abonnementsprisar. Dei siste åra har Preikestolen hatt sviktande inntekt, og ein arbeidar for å sikre økonomien betre. Om ikkje dette lukkast må dei ulike sokna inn med midlar. Oppfordrar til auka betaling av frivillig abonnement, pluss at ein må få fleire annonsørar.

 Frivillige medarbeidarar

Forsand kyrkjelyd er heldig og har mange ulike tenester som blir drivne av frivillige medarbeidarar. Det er både born og vaksne som er med både i gudstenesta, og elles.

 Økonomi

Rekneskapet er ikkje oppgjort ennå, men ligg an til å få overskot.

 Gjevartenesta til ungdomsarbeidet hadde ein liten nedgang i fjor, men eit godt takkoffer  og overskot av matsalg på samlingsfest gjorde ei lita auke på nokre tusen til kr. 261.429,-  På grunn av refunderte foreldrepengar og delvis permisjon i stillinga, går dette i pluss og noko kan overførast til bunde fond «ungdomsarbeidar».

Innkome takkoffer hadde ei auke på 47000 kr frå i fjor.  Det blei samla inn kr.252.105,- , der gjekk 67.856,- til kyrkjelydsarbeidet/ungdomsarb. og resten sendt til organisasjonane.

Arbeidet i soknet er basert på gåveinntekter, div. deltakaravgifter, utleigeinntekt og tilskot frå andre.

 

Årsmeldingstal   2022, 2023 og 2024

 

2022

2023

2024

Tal på gudst. Søn-helgedag

39

36

38

Gjennomsnitt søn-helgedag

87

103

109

Gjennomsnitt nattv.gjester sø/helg

45

52

67

Døypte

7

15

15

Døypte busette i soknet

5

11

13

Konfirmerte

17

13

20

Vigde

3

3

5

Gravferder

14

12

10

Innmeldt

3

4

0

Utmeldt

2

1

2

Frivillige medarbeidarar (over 15 år) unike, mange av desse har fleire oppgåver

60

67

61

           

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"