Kalender
I gudstenesta kan me saman med andre få dela tru, undring, bøn og tilbeding.
På gudstenestane vil du møta prest, musikalsk leiar og kyrkjetenar, men det er òg mange frivillige medarbeidarar som er med. Det er forsangarar, tekstlesar, teknikarar, forbederar, nattverdutdelar, leiarar i Awanagruppene, nokre som lagar kyrkjekaffi osv.
Ein ønskjer at gudstenesta skal vera eit fellesskap ein er saman om.
Det er nesten alltid kyrkjekaffi i kyrkjetorget etterpå, der ein kan snakkast og styrke fellesskapet.
Det er ein styrke i å møta Gud i fellesskap. Det er knytta mange ord i Bibelen om at fellesskapet kan gi styrke.
Her er eit av orda, frå Matt. 18.20:
"For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei."
Velkommen!