Dåpsskule

Andre og tredjeklassingar er invierte på dåpsskule to torsdagar i mars.

Dåpsskule

Me i kyrkja vil gjerne invitera deg som går i andre og tredje klasse til dåpsskule på Kyrkjetunet to torsdagar i mars etter skuletid. Marie kjem til SFO og hentar dykk kl. 14.00, og me går saman til Kyrkjetunet. Etter at dåpsskulen er slutt kan de gå heim sjølv, eller bli henta på Kyrkjetunet. 

På dåpsskulen skal me ha eit måltid, læra meir om Gud og trua, synga, laga noko og ha Bingo. Sundagen etterpå skal me møtas til gudsteneste i kyrkja. Her er familiane til alle på dåpsskulen spesielt velkomne, og deltakarane på dåpsskulen vil få utdelt ei bok i gåve.

Stad: Kyrkjetunet/Kykja

Dato: 6. og 20. mars kl. 14.00-16.00 og sundag 23. mars kl. 11.00

Påmelding på mail til mw589@kirken.no

Skriv barnets namn, og telefonnummer til ein føresett i mailen. Husk å gje beskjed om eventuelle allergiar eller anna viktig.

Husk og å gje beskjed til SFO om at barnet ditt skal på dåpsskule.

Betaling: Me oppfordrar alle som deltar å bli medlem i Høle kyrkjeklubb. Det kostar 100 kr og betalast på vipps #121426 Høle sokn. Merk betalinga med namn og fødselsår. Me får statleg støtte for kvar medlem me har. Desse pengane vil me bruka direkte til borna.  

Invitasjon til dåpsskule er sendt i posten til alle døypte. Dåpsskulen er åpen for alle andre og tredjeklassingar, og dei som ikkje er døypt.               

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"