Påska i Hølekyrkja

Påska er tid for ski og ferie, appelsiner og påskekrim, raking av gamalt lauv på hytta og lammelår i lag med familie og vener. Men påska er òg tid for å reflektere over livet og trua, vårunderet og livets gang, tid for oppleva med heile seg at Jesus er død for meg og har overvunne døden ved å stå opp att.

Påska i Hølekyrkja

Påska er den viktigaste høgtida i den kristne kyrkja, difor er det heile tre gudstenester i Hølekyrkja i påskehelga:

Skjærtorsdag kl 21

Seint på kvelden på skjærtorsdag er det tent bål utafor kyrkja, og vi startar gudstenesta der ute med å lesa om når Peter sto og varma seg ved bålet seint den aller første skjærtorsdagskvelden. Så går vi inn i kyrkja, der det står eit vaskefat, og les teksta om då Jesus vaska føtene til læresveinane sine. Etterpå går gudstenesta sin gang og vi deler nattverden, den som Jesus innstifta nett på denne kvelden. Sidan Høle er skjærtorsdagskyrkje, med maleri av nattverden framme på altertavla, er det ekstra fint med gudsteneste på skjærtorsdag.

Langfredag kl 9

Neste morgon er det ny gudsteneste. Då er det eit svart klede over altaret, ingen pynt, ingen lys. For det er langfredag, og Jesus vart hengd på krossen «ved den tredje timen», som er klokka 9, akkurat når gudstenesta vår startar. Det viktigaste på langfredag er å lese Jesus sin lidingshistorie. Elles skjer det ikkje mykje i gudstenesta. Det er aldri nattverd på langfredag. Det er aldri dåp på langfredag. Vi seier aldri halleluja eller ære vere Gud på langfredag. For langfredag er annleis-dagen, dagen når Gud er borte, når ondskap og liding får rå fritt.

Påskedag kl 11

Har ein vore i kyrkja både skjærtorsdag og langfredag, kjennest det som ei ny verd å koma til kyrkja på påskedag. Påskeliljer og lys, musikk som skaper glede, song om han som har overvunne døden, halleluja og ære vere Gud frå byrjing til slutt. Påskedagsgudstenesta blir avslutta ute på kyrkjegarden dit vi går mens vi syng «Deg være ære, Herre over dødens makt». Mellom gravene syng vi, for å minne oss sjølve og kvarandre om det håpet vi har til Gud: at han som reiste vår Herre Jesus opp frå dei døde, òg skal reisa oss opp frå døden.

Velkommen til kyrkja i påska!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"