Konfirmasjon

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

Konfirmasjonsgudstenester våren-2021 blir i Dovre kyrkje og i Eysteinkyrkja om nokon ynskjer det.

Konfirmantåret starter med konfirmantleir på Nordfjord folkehøgskule i Gloppen første veka i sumarferien (mellom 8. og 9. trinn). Lokalt er det perspektivtur, kyrkjegardsvandring, samling med tema etikk, diakoni, Bibelen m.m. Ei dagssamling om kyrkjelege handlingar saman med Lesja. Deltaking i fasteaksjon og gudstenester.

Artikkelsnarveger