Babettes gjestebod

Fedje kyrkje onsdag 24. oktober kl. 19:00

Babettes gjestebod

Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys

Prostedøtrene Mathilde og Phillipa er leiande i ein pietistisk kyrkjelyd i Berlevåg. Men kyrkjelyden har mista mykje av den krafta den ein gong hadde og er prega av alderdom og inngrodde konfliktar. Ei fransk kvinne, Babette, flyktar frå dei fryktelege krigshandlingane i Paris i 1871 og får arbeid som tenestejente hos søstrene. Ho tener dei trufast i fjorten år. Då vinn ho i eit stort lotteri og inviterer kyrkjelyden i Berlevåg på eit gedigent fransk måltid som overgår all fantasi og som forløyser både innstengde kjensler, gamle motsetnader og djup livsglede.

Det å gjere det gode for kvarandre og gje av dei gåvene ein har, oppsummerar Babettes oppleving av meining i livet.
Når Hordaland Teater vil ta dette materialet til scenen, er det fordi vi trur denne historia treff oss i dag. At ein så erfaren og utrykksfull skodespelar som Ragnhild Gudbrandsen skal formidle denne historia, gjev oss tru på at publikum kan vente seg ei sterk teateroppleving som vil stimulere til refleksjon og glede.
Stig Amdam har regi på denne inderlege monologframsyninga, og saman med Bjørgvin bispedøme og Fedje kyrkje inviterer Hordaland Teater deg til kunstnarleg gjestebod.

Billett kr. 250,- forhandssal sjå lenk under. Det vil og vere muleg å kjøpe billetter i døra om det ikkje er utseld. Framsyninga varer omlag ein time.



Foto : Thor Brødreskift

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fedjekyrkja

Adresse: Stormarkvegen 49
5947 Fedje

Besøksadresse: Stormarkvegen 8

Opningstider:
Onsdag og torsdag kl. 09.00 - 12.00

post.fedje@kyrkja.no

Tlf: 951 57 569 (bruk kontortid)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"