I Den norske kyrkja sitt dokument «Plan for diakoni» på side 9 står det slik: ”Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.”
I Fitjar sokn har vi ei eigen diakoninemnd som består av: Annbjørg S Tvedt, Inger-Marie Gilje, Grete Sætre, Halvard Wiik og Olav J. Oma
Den norske kyrkja har laga ein mal for korleis ein diakoniplan skal sjå ut. Diakoninemnda i Fitjar er i gong med å laga ein slik plan for Fitjar sokn. Nokre av tiltaka i Fitjar er besøksteneste, sjelesorg, diakoniturar o.a.
Det vil komme informasjon om diakoniturar på heimesida, i Kyrkjebladet og på plakatar. Har du ønske om besøk eller veit om nokon som treng besøk, kan de kontakte nokon av dei i diakoninemnda.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.