NMS JOBBAR FOR Å
• Kjempe mot urettferd
• Dele trua på Jesus
• Utrydde fattigdom
KVA GJER NMS I MALI?
NMS er partnar i Den evangelisk-lutherske misjon i Mali (MELM) saman med kyrkjer i Nigeria og Kamerun, og Den Evangelisk Lutherske Frikirke. NMS bidrar blant anna med misjonærar inn i dette arbeidet.
KYRKJELYDSBYGGING BLANT FULANIAR
Vi ynskjer å byggje kristne fellesskap blant fulanitalande, gi trusopplæring til nye kristne, og bidra til å mobilisere for at folk kan bruke talentane sine til beste for lokalsamfunn og kyrkjelyd. For tida blir det jobba inn mot fulanitalande både i Mali og Guinea. MELM driv også ein radio der det blir sendt både evangeliserande og sosiale program.
BIBELOMSETJING TIL FULANI
Ein arbeider med å omsetje Bibelen til fulani. Heile Det nye testamentet og nokre av bøkene i Det gamle testamentet (GT), er ferdige og tekne i bruk. Maliske medarbeidarar jobbar no med å fullføre GT.
KJEMPE MOT KJØNNSLEMLESTING OG BARNEEKTESKAP
Omskjering (kjønnslemlesting) og fødselsskadar skaper store problem for jenter og kvinner i Mali. I samarbeid med lokale helsearbeidarar har eit NMS- og Norad-støtta utviklingsprosjekt oppnådd svært gode resultat. Mange landsbyar har slutta heilt med kvinneleg omskjering, og innsatsen held fram i stadig nye landsbyar. Det er eit mål å stoppe barneekteskap og kjønnslemlesting av jenter i Mopti-regionen.
ALTERNATIV INNTEKT I KONFLIKTOMRÅDE
Tradisjonelt er jordbruk- og husdyrhald viktige inntektskjelder, men tryggleikssituasjonen i Mali no gjer dette vanskeleg. Ein arbeider med å sikre kvinners og barns rettar, og betre levekåra. Spare- og lånegrupper er sentrale i dette arbeidet, både som arena for det haldningsskapande arbeidet og for kurs i inntektsbringande arbeid for kvinner og unge vaksne. Vi trur dette arbeidet er med på å skape håp og å motverke radikalisering i ein krevjande situasjon i landet. Use Your Talents-metodikken blir brukt aktivt i eit eige prosjekt for å forbetre levekåra til fattige menneske ved å fokusere på bruk av lokale midlar og ressursar.
FAKTA OM MALI
- Innbyggjartal: 23,2 millionar inkludert cirka 3 millionar fulaniar.
- Religion: 93,9 % muslimar, 2,8 % kristne.
- Levekår: 2/3 av innbyggjarane blir rekna som fattige.
- Næringsvegar: Jordbruk sysselset cirka 70 %.
- Styresett: Republikk. Landet er prega av konfliktar, uro og valdelege hendingar Kjelde: www.fn.no
For meir informasjon om NMS og prosjektet i Mali: NMS - Det Norske Misjonsselskap - NMS