Avskjed med eit kyrkjeorgel - minikonsert
Torsdag 3. mars kl. 19.00 held kantor Jan Overweg ein liten konsert i Fitjar kyrkje for å ta ein avskjed med eit kyrkjeorgel. Det nye orgelet, som skal stå ferdig om ca. eit år, får delvis den same fasaden som orgelet i Fitjar har hatt sidan 1895. Difor blir den no demontert og frakta til orgelbyggjaren i Sverige. Før dette skjer blir det ein siste minikonsert der Jan Overweg skal prøva å henta fram det beste og kanskje vakraste frå det gamle instrumentet. Det blir også ein orientering om orgelprosjektet. Velkomen til ein liten time i kyrkja vår!