På langfredag døydde Jesus og steig ned til dødsriket. På denne dagen vart Guds hjarta opna og Guds smerte avslørt. Langfredagen er ikkje berre dagen då Jesus døydde. Den er også den dagen då me ser at menneskeslekta sin vondskap og synd treff Gud sitt hjarta.
Krossen er ikkje berre dei kristne sin eigedom, men krossen sine armar omfamnar heile verda. Jesus døydde for heile verda sine synder. Krossen er vårt fremste teikn på håp. Når vi teiknar oss med krossen, ber krossen som smykke eller heng det på veggen tyder det at me seier ja til det og vil leva i forsoning med Gud.
Etter den førte påskedagen er ingenting likt i verda. Alt er endra etter Jesu oppstode. Det yttarste sanne er ikkje lenger døden men livet. Oppstoda er ikkje ein filosofiske haldning til livet, men byggjer på ei historisk hending ein gong i tida på ein bestemt plass, med ein særskilt person i sentrum – Jesus Kristus. Kristen tru handlar om korleis livet sigrar over døden på alle plan.
Erfaringa med påska er så grunnleggjande for kyrkja sitt liv at påskefeiringa skjer kvar søndag. Sjølve påskehelga sin bodskap er at Gud sine løfter har vist seg å vera sanne, og påska sitt liv er det berande i kvar gudsteneste. Påska sitt liv er også det som ber i det kristne livet.
Du är livet
starkare än døden
Me dig i mitt hjärta
kan jag inte dø
Margareta Melin
Roald Drønen
sokneprest