Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein innarbeida tradisjon i dei aller fleste norske kyrkjelydar, og Fitjar kyrkjelyd er intet unntak. Kvar vår er cirka 40 000 bøsseberarar med på denne store dugnaden, som er den nest største dør-til-dør aksjonen i Noreg etter TV-aksjonen.
Pengane frå fasteaksjonen går til ulike delar av Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. I år vil dei spesielt trekke fram døme frå katastrofearbeidet deira i aksjonen. Meir om det kan de lesa på www.fasteaksjonen.no
Tysdag 15.mars gjekk konfirmantane her på Fitjar gå frå dør til dør med bøsser, og dei fekk inn 53000 kroner. Takk til all som gav!