Det er ein spanande kyrkjemusikal med friske songar. Songar som lar oss få ane korleis det vil vera å koma til himmelen - det gode landet - og bli møtt av St. Peter og alle dei andre som alt er i det gode landet. Ved framføringa torsdag 7. november får me med oss Marianne Juvik Sæbø og Arne Kvarven som songsolistar. Ei gruppe barn vil også vera med på framføringa. Øvingane blir på onsdagar framover - frå kl. 19.30 - 21.30. Det er også sett av nokre timar laurdag 5. oktober og laurdag 2. november. Om du har lyst til å vera med, ta kontakt med Jan Overweg (901 97 069) eller Anne-Britt Tornes (959 10 701).
Fitjar kyrkjekor framfører "Det gode landet"
No har kyrkjekoret byrja å øva inn "Det gode landet" av Eyvind Skeie og Sigvald Tveit. Me er ca 20 i koret men håper at fleire vil vera med på dette prosjektet.