Etter at kyrkja i haust har vore stengd grunna omfattande byggearbeid, var det planen at kyrkja skulle takast i bruk 1. sundag i advent..
Det kunne me fått til, men det ville føra til svært mykje ekstra arbeid for dugnadsfolket som står på i kyrkja. Difor har me avgjort at ljosmessa skal haldast på Fitjar bedehus kl. 19.00 på sundag.
I løpet av hausten har me opplevd ein ufatteleg stor dugnadsvilje for kyrkja i Fitjar. Over 80 personar har vore inne på ulike typar arbeid og lagt ned ein kjempeinnsats. Det er me svært takksame for.
I neste veke kjem det nye orgelet frå Sverige. Dei første vekene i desember vil tre orgelbyggarar arbeida med å montera storparten av orgelet på det nye galleriet. I denne tida vert det avgrensa aktivitet i kyrkja, men gudstenestene på sundagane vil finna stad der.
Galleriet vil ikkje vera ope for puplikum før utpå vinteren ein gang.