Karneval i kyrkja
Tysdag 9/2 var 10 ungar samla i kyrkja kledd ut som skurkar og heltar frå bibelen. Her var både vismenn og Jesus, engel og gjetar, David og Maria. Johannes og Birgitte var kledd ut som Elisabeth og døyparen Johannes. Dei fortalde om Ester og om faste, og viste historien om den bortkomne sonen med playmo. I tillegg leika me og åt frukt. Dette var ei kjekk ettermiddagsstund!