Informasjonsmøte om konfirmasjon i Fitjar kyrkje onsdag 12/6 kl 17.30

Velkomen som konfirmant i Fitjar kyrkje! No er invitasjonar sendt ut til alle som skal byrje på 9. trinn til hausten. No er det din tur. Din tur til å vera konfirmant! Ei tid til fellesskap og til å tenkje sjølv.

Informasjonsmøte om konfirmasjon i Fitjar kyrkje onsdag 12/6 kl 17.30

KONFIRMASJON ER FOR ALLE
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja – både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig.
Alle menneske er ulike, og treng ulike tilpassingar. Uansett funksjonsevne har du rett til ei god konfirmanttid.

KONFIRMASJON OG DÅP
Er du ikkje døypt, og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja?  Klart du kan, og du er heller ikkje aleine! Over tusen ungdomar vert  døypt kvart år i forkant av konfirmasjonen.

KVA ER KONFIRMASJON?
Ordet konfirmasjon kan tyder både «å stadfeste» og «å gjere sterk».
Eit høgdepunkt i konfirmasjons gudstenesta er når vi ber ei bøn for deg. I bøna ber vi Gud om å velsigne deg og å styrkje deg på din veg vidare i livet. Det viktigaste med konfirmasjonstida er å vere ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua. Konfirmasjonen er ei påminninga om at Gud i dåpen sa ja til å vere ein del av ditt liv.


INFORMASJONSMØTE ONSDAG 12.JUNI kl. 17.30 I FITJAR KYRKJE
Dette er for føresette og konfirmanten. Velkommen til alle som vil eller lure på om dei vil vere konfirmant i kyrkja!

PÅMELDING
Påmelding kan de gjera her.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"