Etter at kyrkja vart opna igjen etter bygging på orgelet i haust, var det ingen kyrkjeklokker som ringte. Grunnen til dette var at opphenget til kyrkjeklokkene var lite stabile, og ein var usikker på dei tålte ringinga. Difor var det på tide med litt arbeid.
For nokre veker sidan kom det to karar frå Olsen Nauen klokkestøperi AS og ordna på opphenget til den gamle klokka vår. Dei installerte og nytt ringeanlegg. Anlegget er om lag 40 år gammalt. Me har fått hint om at det kan ta kvelden kva tid som helst, og at det då ikkje er råd å få deler til det lenger. Då var tida det rett å få det skifta ut.
No skal det vera god lyd og ringing i klokkene våre. Me er klare til å kalla inn til gudstenester, vigsle og andre arrangement.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.