Stova vart teken i bruk då kyrkja vart bygd på for om lag 30 år sidan. Seinare har det kjekke lokalet vore mykje i bruk, mellom anna i konfirmantundervisninga.
Dei driftige damene i kyrkjeringen, som har teke initiativet, vil leia arbeidet med å oppgradera stova. Heile stova skal malast på nytt, få nytt golv og ny kjøkkeninnredning. Soknerådet har gjeve si støtte til arbeidet og «profesjonelle» dugnadsfolk held no på med maling og anna arbeid. Me oppmodar folk om å ta ein tur for å sjå på resultatet av arbeidet når me er kommen i mål.
Kyrkjestova vert fornya
Kyrkjestova, som ligg over sakristiet i kyrkja, får seg no ei sårt tiltrengt ansiktsløfting.