Boka 4-åringen får er ein barnebibel med fine bilete. Den blir delt ut under gudstenesta søndag 1. oktober kl. 11. Då skal me ha familiegudsteneste der 4-åringane med familie er invitert.
Men før det har me lyst å møta dei og bli litt betre kjent med dei. Derfor vil me invitere til kyrkjevandring i kyrkja laurdag 30. september kl.11.00. Då skal me sjå oss rundt i kyrkja, ha ein minisøndagsskule og kose oss med bollar og saft. Om de ikkje kan møte på laurdag er de like velkomen på søndag.
Me ynskjer påmelding på førehand, då me skal dele i grupper og servere bollar.
Hugs å melde frå om allergiar/intoleransar.
Alle er hjarteleg velkomne!