Her kan du koma inn og varma deg over ein kopp kaffi, tenna eit lys eller berre vera stille.
Frå ca. Kl. 18.30 vil det vera ei enkel samling. Det vert musikk, diktlesing og nokre kveldstankar i samband med at namna på dei døde blir lese opp og me tenner lys for den enkelte.
Alle er velkomne!
I gudstenesta søndag 3.nov vil me også lese namna og minnast dei som er døde og gravlagde i Fitjar siste året.
Arr. Diakoninemnda i Fitjar
Minnesamling laurdag 2. nov kl. 18.00
Minnesamling der me tenner lys og minnast dei døde sidan sist.