Fitjar kyrkjelyd har skreve misjonsavtale med Det norske misjonsselskap (NMS) og har gjennom avtalen valt å støtta NMS sitt arbeid blant fulanifolket i Mali.
Formålet med avtalen er å skapa misjonsengasjement og å byggja Guds rike lokalt og globalt. Fitjar kyrkjelyd har teke på seg å skapa interesse og engasjement for avtalen og å støtta arbeidet i Mali med forbøn og økonomisk midlar. Fitjar kyrkjelyd har som mål ha minst tre offer til prosjektet i året. Det er under gudstenestene på 1. juledag, 1. påskedag og 1. pinsedag.
Mali er eit fattig, folkerikt ørkenland i Vest-Afrika med ei mangfaldig kulturell historie. Landet har vore, og er, prega av uro og krig. Omkring 90 % av befolkninga er muslimar. Av dei ca 20 millionane som bur i Mali tiløyrer omkring 3 millionar folkegruppa fulani. Av desse er det berre omkring eit par hundre som er kristne, og fulanierane vert rekna som ei unådd folkegruppe. NMS ynskjer å nå denne folkegruppa med evangeliet om Jesus. Det gjer dei gjennom relasjonsbygging, evangelisering, kyrkjebyggjande arbeid og Bibeloversetting. I tillegg engasjerer dei seg i arbeidet mot kjønnslemlesting og bidreg med utdanningsstipend og leksehjelp.
På NMS si heimeside kan ein lesa meir om Mali og arbeidet der, samt fylgja med på kor mykje pengar Fitjar kyrkjelyd har samla inn til prosjektet så langt.
( Link som kan leggjast inn: https://nms.no/finndinmenighet/?id=1165&project=910220&country=328 )
Det er oppretta ei lokal misjonsnemnd som skal fylgja opp prosjektet. Nemnda består av: Helga Rimmereid (leiar), Tordis Eide, Solfrid Sandvik og Gunnvald Aarbø (soknerådsrepresentant)
Kontaktperson: Helga Rimmereid, tlf 975 28 001, e-post: helgari@frisurf.no
”Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.” Matteus 28,18-20