Sidan 23. februar er de mogleg for fleire å vera til stades ved gudstenester i Fitjar kyrkje. Det krev at deltakarane får tilvist faste plasser. Fordi me ønskjer at kyrkjelyden skal kunna ta del i gudstenesta med allsong, må avstand mellom kohortane bli 2 meter frå skulder til skulder i alle retningar. Det gjer at det i praksis vert plass til i underkant av 50 personar - litt avhengig av storleik til kohortane.
Me sender gudstenestane framleis direkte for dei som ikkje kan eller ønskjer å koma til kyrkja.
Sjølv om ein i utgangspunkt skal vera på den tilviste plassen gjennom heile gudstenesta, er det gitt moglegheit for nattverdfeiring med utdeling. Det er viktig at alle held tilstrekkeleg avstand og følgjer vegleiing som vert gitt.
Søndag 28. februar kom 39 personar til gudstenesta. Me trur at det også komande søndag ikkje skal vera naudsynt med påmelding. Men det kan vera lurt å koma tidleg om ein vil vera sikker på plass i kyrkja.
No gleder me oss over denne utviklinga og ønskjer velkomen til gudstenester i Fitjar kyrkje!
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.