No har det vore litt stille nokre veker i kyrkja, men endeleg er orgelpipene på veg inn i orgelet. Dei er boren inn i kyrkja, og skal no pakkast ut, ei etter ei, og plasserast på rett stad i orgelhuset. Her kan du få ein sniktitt på prosessen, men vil du sjå fronten, med dei største orgelpipene i, må du ta turen i kyrkja i morgon.
Det var spanande å ta ned boksane med dei aller største pipene i. Det måtte seks mann til og eit tau. Lysekrona berga...og det gjorde orgelpipene og.
Etter at boksane var komen ned på golvet, var det fleire spente menneske i rommet. Nokre meir enn andre...
Men om du trur du får høyre orgelpipene før gudstenesta 26.mars, då orgelet skal vigslast, vert du nok skuffa. Det vil ta ei stund før alle 1300 piper er på plass, og så får kantor, Jan Overweg, litt tid på seg til å verte kjent med lyden og orgelet før denne store dagen.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.