Dei som no er tilsette i kyrkja, er:
Sokneprest - Olav Johannes Oma, 100 % stilling (løna av biskopen)
Kyrkjelydsprest - Fridleif Lydersen, 100 % toårig kontrakt, (løna av kyrkjelyden over
kyrkjebudsjettet ved god hjelp av gåver og inntekter ved utleige til prostiet)
Kantor - Jan Overweg, 65 % (løna over kyrkjebudsjettet)
Kyrkjeverje - Harald Rydland, 50 % (løna over kyrkjebudsjettet)
Kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar - Kristian Skumnes, 60 % (løna over kyrkjebudsjettet)
Reinhaldar - Marte Rimmereid, 10 % (løna over kyrkjebudsjettet)
Kontormedarbeidar - Elisabeth S. Oma, 40 % (mellombels stilling)
Klokkar- og kyrkjetenar- tenesta, i samband med gudstenester er også lovpålagd. Desse tenestene har i mange år vore utførte av frivillige i kyrkjelyden, og lønsmidla har gått til kyrkjelydsarbeidet elles.
Fitjar kyrkjelyd har utarbeidd og fått godkjent trusopplæringsplan. For å få del i trusopplæringsmidla må vi gjennomføra denne.
For tida er dei offentlege økonomiske overføringane til kyrkja knappe, og soknerådet/fellesrådet arbeidar med å finna løysingar som gjer at kyrkja kan gjennomføra alle oppgåvene me er tillagde på beste vis.
Soknerådet gjorde i møte 21. september vedtak om å lysa ut ny stilling som kyrkjelydsprest/ barne- og ungdomsprest. Vedkommande som blir tilsett vil då få ansvar for trusopplæringa på Fitjar, men vedkommande vil og delta i og ha ansvar for kyrkjelege handlingar som no. Utlysinga kjem i november.