Trongt om parkeringsplass ved Fitjar kyrkje
Som dei fleste nok har lagt merke til er det mykje styr med anleggsarbeid, og dermed smått med parkeringsplass, i området ved kyrkja. Difor vil me oppmoda om dei som kan få det til er ute i god tid og finn andre parkeringsplassar. Alternativ kan her vera Rimbareid skule, Sentrum og Fitjar kultur- og idrettsbygg.
