I det siste har mange leika Pokemon Go på gravplassen. Det blir hoppa bukk over gravstøtter, sprunge over gravplassen og klatra på kyrkjegardsmuren. Ein skal ha respekt for ein gravplass. Ein gravplass er ein minnestad for dei døde og deira pårørande.
Det er leit for pårørande når blomar og anna pynt blir trakka på og øydelagt. Å bruka gravplassen som leikeplass kan og vere farlig om ein veltar ei gravstøtte. I staden for å leike Pokemon GO på gravplassen vil vi oppmoda til å bruke mobilen til finne gravane til oldeforeldra, tippoldeforeldre og andre slektningar. Det heng eit skilt ved porten som viser korleis ein finn fram til ei grav ved hjelp av mobilen.
Vi vil oppmoda om å ikkje bruka gravplassen til leikeplass.
Kyrkjeverje Harald Rydland
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.