Noko av det fyrste som måtte på plass i det nye galleriet, var ein stor og tung stålbjelke. Den skal vere med på å halde galleriet og orgelet stabilt. Det måtte sterke karar og store maskinar til for å gjere denne jobben. Når sveising av ulike ståldelar skulle gjerast, stilte tilsette og frivillige mannsterke som brannvakter, berarar og sveisarar.
Med dette på plass, kunne arbeidet med det nye galleriet fortsetje. Her er kunnig mannskap, som snikrar og byggjer. Det er ikkje berre berre når ein skal få best mogeleg lyd frå orgelet, og minst mogeleg lyd frå alle dei som går på galleriet samstundes. Det må fleire lag med gips til.
På same tid, er det mange i aksjon, som er med på å male, vaske, støvsuge og rydde. I løpet av veke vert det, som det ofte har vore sidan byrjinga av september, full aktivitet i kyrkja. Sjølv om ikkje galleri eller orgel er ferdig til søndag, er det no siste innspurt for å få kyrkja klar til vanleg bruk dei nærmaste dagane.