Arbeidet starta med å ta ned orgelet. Det var ein jobb for kantor, Jan, og hans medsvorne arbeidarar og orgelentusiastar. Det vart tomt i kyrkja utan orgel, det fekk ordførar, Wenche erfare då ho fekk med seg orgelpipa si heim.
Men verre skulle det bli. For ikkje berre skulle orgelet bort, men heile galleriet og. Dette for at det skal vere nok plass til det nye orgelet, når det kjem. Mange dugnadstimar seinare med fjerning av laust og fast inventar, bering, inspisering, rydding, sikring og tildekking, såg det slik ut i kyrkja...
Når alt dette var gjort, var det berre å setje igong. Utan orgel og galleri, var det greit å komme til i alle krinkar og krokar av kyrkja med fugemasse og malarkost. Dette var derimot ikkje gjort utan kunnig hjelp og friviljuge kyrkjelydsmedlemmar, og mange fleire enn dei som er avbilda her. Me er takksame for alle som har vore med til no, og me er glad dei ikkje har høgdeskrekk...
Det er vikitg at kyrkja både ser bra ut før det nye orgelet og galleriet kjem på plass, og at kyrkja er så god som mogeleg med tanke på akustikk. For dei som ønskjer å vete meir om dette, er kantor, Jan, meir enn glad for å fortelje. For dei som ikkje er så opptatt av kvifor, men som heller vil vere med å gjere ein insats, kan dei ta kontakt med kyrkjeverje, Harald. Han er og meir enn glad for å ta imot hjelp.
Dette er altså ståa per i dag. Me ventar spent på fortsetjinga.