Osternes mannskor skulle vera godt kjend i distriktet etter flotte konsertar og kabaretar dei siste åra, og det er med glede og spenning me ser fram til eit nytt program frå dei. Denne gongen får me høyra eit knippe religiøse folketonar frå Vestlandet, samla inn av Olav Sande på slutten av 1800-talet. Sande reiste rundt på Vestlandet mellom Sogn og Lista, og samla inn både folketonar, segner og forteljingar. Programmet i Fitjar presenterer nokre av dei tonane Sande samla, med sterke tekstar av Blix, Hovden og Støylen. Svein Tørnquist har arrangert desse tonane for mannskor, og han vil og seia litt om Olav Sande og bakgrunnen for arbeidet hans.
Me ønskjer hjarteleg velkomen til konsert, bed gjerne med deg ein ven og fyll opp kyrkja denne torsdagskvelden!