Fitjar kommune, med sine ca. 3200 innbyggjarar, har eitt sokn. Fitjarbygda ligg sentralt til mellom Bergen og Haugesund. Her er gode kommunikasjonar for å reisa til og frå. Bygda har rikt kulturliv og vakker natur som legg til rette for ei aktiv fritid. Soknet har ei` kyrkje som ligg i Fitjar sentrum. I kyrkjelyden er det svært stor oppslutning om gudstenester, andre arrangement og frivillig arbeid. Staben i kyrkja består for tida av sokneprest, kyrkjeverje, kantor, og kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar.
Fitjar kyrkjelyd sin visjon er: «Nær Kristus – nær menneske»
Me har denne stillinga ledig:
Trusopplærar – 80 % fast stilling
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med trusopplæring 0 – 18 år
- Konfirmantarbeid
- Anna barne – og ungdomsarbeid
- Frivilligkoordinator
Utdanning/kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan kristendom, teologi og pedagogikk
- Erfaring frå barne- og ungdomsarbeid
Personlege eigenskapar
- Evne til å kommunisera med ulike aldersgrupper, særleg barn og ungdom
- Gode evner til å samarbeida med tilsette og frivillige, lag og organisasjonar
- Evne til å arbeida sjølvstendig og fleksibelt
- Ynskje om å vera med å bygga og styrka kyrkjelyden i Fitjar
- Evne til å skapa engasjement
Me kan tilby:
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regulativ og tariffavtale i KA
- Pensjonsordning i KLP
- Samarbeid i ein stab med stor arbeidsglede og godt humør
Den som vert tilsett må kunna uttrykkja seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Målforma i Fitjar kyrkjelyd er nynorsk.
Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at dei som arbeider i kyrkjelyden er busette i Fitjar.
Det vert sett krav til medlemsskap i Den norske kyrkja.
Ved tilsetjing vil det verta kravd politiattest.
Søknadsfrist 15.8.2018
Søknad kan sendast til arbeidsgjevar:
Fitjar sokn, postboks 10, 5418 Fitjar.
kyrkja@fitjar.kommune.no
Nærare informasjon om stillinga er råd å få hos kyrkjeverje Harald Rydland tlf. 913 47 802.