Valentinsdagen – Alle hjartas dag

På søndag er det Valentinsdag – ein dag som har fått stor merksemd hos oss. Eg bladde i ei svensk bok på kontoret ein dag og fann gode ord knytt til denne dagen.

Valentinsdagen – Alle hjartas dag

Opphaveleg vart denne dagen feira til minne om den heilage Valentin, som plukka blomar i klosterhagen, og gav til par som var forelska i kvarandre.                                                                    Dette er forelskinga sin dag, dagen for romantikk, følelsar, kjærleik og den djupe venskapen; og den kjem som det fyrste vårteikn i den kalde årstida.

Få delar av livet vårt har så mange dimensjonar og er så kompliserte som relasjonane våre. Dette er ein livslang læring. Difor er det viktig med slike «relasjonshøgtider» som Alle hjartas dag, morsdag, farsdag og bryllaupsdagar. Desse dagane er sjølvsagt ikkje noko alibi for å slurva med relasjonane resten av året, men som lyskastarar som set fokus på noko av det viktigaste me har: fellesskap med våre næraste.                                                                           
Blir desse dagane brukte rett, kan dei hjelpa oss til å bli synlege for kvarandre. Og om me stoppar opp på desse dagane, så vert det synleg korleis relasjonen ser ut – på godt og vondt. Då kan dei bli utganspunkt og utvikling av relasjonar som på sikt var trua.

Gåvene me gjev kvarandre på Alle hjartas dag er symbol på det innarste i kjærleiken: at kjærleik er å gje.                                                                                                                                     
Kanskje er det difor at kjærleikens dag hamnar på ein martyrdag – Valentin døydde for trua si. At rosa, symbolet på kjærleiken, både har den vakraste blomen og dei kvassaste piggane er ikkje tilfeldig. Sann kjærleik kostar – eg må gje av meg sjølv. I kjærleikrelasjonen får me mykje av den andre, som ei god oppleving. Så fort det vert eit krav, sluttar det å vera kjærleik, for kjærleiken er i sin natur alltid fri.

Ta godt vare på kvarandre!

Roald Drønen    
Sokneprest                
                       
 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  
torsdagar kl. 09.00-15.00,
fredagar kl. 12.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"