Ljosheim 60 år – Basar 8. februar

Laurdag 8. februar kl 15.00 møtast vi på Ljosheim til den årlege Ljosheimbasaren. Basar er kjekt og på Ljosheim brukar det vere fullt hus og god stemning. Folk likar både åresalet og det sosiale med basaren. Gode kaker til kaffien brukar det og å vere.

Premiebord (2024)

I 1947 begynte Kvinnelaget for Ljosheim å samle pengar til eit forsamlingshus i Dale. I 1965 stod Ljosheim ferdig og vart teke i bruk med stor festivitas. Huset kosta 300.000 kroner, av det hadde kvinnelaget samla inn 100.000. Resten måtte lånast. Mange har hatt nytte av og bruk for Ljosheim i åra sidan.

Huset vart reist i eit samarbeid mellom kyrkja og Dale indremisjon. No er Fjaler sokn eineeigar. Ljosheimforeininga eksisterer ikkje lenger, men er det årleg halde basar og henta inn pengar til oppgradering, drift og vedlikehald av huset. Mykje er gjort, men det melder seg stadig nye tiltak, som kostar pengar.

Ljosheimbasaren er eit begrep, og mange er flinke å slutte opp om den. No nærmar det seg basar igjen – laurdag 8. februar kl 15.00. Før den tid, 1.-7. februar, skal vi selje lodd i Dale Senter og COOP Extra.

Vi håper mange vil kjøpe lodd, og at det blir fullt hus basardagen. Sidan frivillige kakebakarar stiller opp i år også, vert det ei hyggjeleg stund rundt kaffiborda.

Mange plar støtte basaren med å gje vinstar til utloddinga. Vi håper det blir slik i jubileumsåret også. Vinstar kan leverast på førehand på Kyrkjekontoret, eller takast med til Ljosheim basardagen.

Vel møtt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"