Gjennom misjonale og diakonale tiltak ynskjer me å spreia bodskapen om Kristus som frelste verda, og om kjærleik for alle menneske.
Misjonsprosjektet i Fusa har i fleire år vore knytta til Tabor Evangelical College, som utdannar teologar og forkynnarar i Awasa, Etiopia. Stønaden vår går hovudsakleg til stipend for elevar som går på skulen, ettersom mange av dei ikkje har nok pengar sjølve til å betala for ei utdanning. Me har òg fått vera med og gje pengar til skulebygg og kyrkje i Awasa. Gjennom åra har me arrangert fleire kyrkjelydsturar til Etiopia for å vitja dei og sjå kvar pengane har gått.
I tillegg har me samarbeidd med Children's Burn & Wound Care Foundation (CBWCF), óg kalla Children's Burn Care Foundation. Dette er ein organisasjon grunnlagd av Einar Eriksen og Hans Petter Schjelderup, som ynskjer å gje profesjonell hjelp til brannskadde born i Etiopia og nabolanda. Dei driv to sjukehus i Etiopia - eitt i hovudstaden Addis Abeba, og eitt i Hagere Mariam. Fusa samlar pengar til dette arbeidet gjennom å organisera Walk & Run annakvart år.
Me har òg lokale diakonale tiltak som me gjennomfører årleg, ofte i samarbeid med Fusa friviljugsentral, men òg med eit eige diakoniutval. Det sentrale ordet for oss er RAUS - at me gjev med raus hand, og at me skal vera rike på gode gjerningar. Me gjev vidare med takksemd, for Gud gav oss allereie alt me har.