Konfirmasjon i Fusa
Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vita meir om seg sjølve, om kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

I Fusa sokn har me eit konfirmantopplegg som går frå starten av september eitt år og ender med konfirmasjon i mai året etter.
Me ynskjer å gje deg som er konfirmant ei god og trygg oppleving gjennom året, der du kan få sjå meir av kven Gud er. Konfirmantåret inneheld konfirmantleirar og -turar, undervisning i små og større grupper, innsamlingsaksjonar, og mykje spanande samvere.
Artikkelsnarveger
Sitat
Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»
Evangeliet etter Matteus, kapittel 4, vers 19