Til helga vert det gudstenester i Hålandsdalen og Strandvik ved kapellan Anette-Emilie Gangstø - sjå kalender. Tiltaka som avgrensa oss til ti personar per gudsteneste er no letta på, so me har høve til å samla oss til innegudstenester utan påmelding att. Vonleg vil dette vara!
Men me er so klårt ikkje ute av pandemien enno. Difor er det viktig at folk framleis passar på å halda hendene reine, halda god avstand, og gje rom for einannan. Me lyt framleis halda to meter avstand ved song, og kyrkjevertane kjem framleis til å registrera alle som kjem inn. Det kan heller ikkje vera nattverd på vanleg måte, då meininga er at ein skal vera fast på plassen sin gjennom heile gudstenesta. Difor vert det ikkje nattverd denne helga.
Denne veka vert det òg bønemøte på bedehusa. Sjå kalenderen for meir informasjon - desse møta skjer med to vekers mellomrom. Me ser fram til å få samlast meir i tida framover. Difor: Velkomen i kyrkja!