Det er ikkje nokon stad som er betre for opplæring i den kristne trua enn heimen - men skyldnaden for trusopplæring er noko som er delt mellom foreldre, fadrar og kyrkjelyd. Difor ynskjer me å hjelpa til, mellom anna ved å dela ut dåpspermen til alle døypte born i Fusa, og å arrangera gudstenester og opplegg som er tilpassa borna.
Trusopplæringsplanen, som du finn under, strekk seg frå 0-18 år. Du kan òg lesa meir om faste grupper, kor, og liknande som rommar større aldersgrupper. Slagordet vårt er "Rom for alle, rom for deg - trusopplæring, steg for steg". Difor vil de årleg få invitasjonar til noko tilpassa barnet sitt alderstrinn, der dei kan få læra meir om trua og kva det vil seia å vera døypt. Dei faste gruppene har større spenn i alder, og driv på gjennom heile semesteret.
Som ein del av trusopplæringa har me òg eit samarbeid med skular og barnehagar i kommunen. Her arrangerer me ulike hendingar for dei ulike trinna. Planen for dette arbeidet ligg under Lenkjer på botnen av sida.
Takk for at du veljer trusopplæring for ditt barn! Det er noko av det beste du kan gjera. Velkomen til trusopplæring hjå oss!