«Han som kjem med lys...» – ei adventshelsing

Me er godt inne i adventstida. Ei tid knytt til forventning og glede, barnleg glede og forventning.

«Han som kjem med lys...» – ei adventshelsing

av Benjamin Bjørnsen Anda, sokneprest i Giske og Vigra

 

Adventskalender, adventskransar og anna tel ned. Kongerøykjelsen duftar. Adventstjerner og adventstakar lyser opp vindauga i mørketida. Midt i mørkret blir me minna om lyset. Som den jærske diktaren, Helge Torvund, skriv i eit kort dikt: «Lyset du treng finst.» Adventstida, midt i mørketida, er paradoksalt nok ei påminning om nettopp dette, at lyset me treng finst, og at det kjem!

 

Adventstida er profetane si tid, på eit særskilt vis. I Det gamle testamentet skriv profeten Jesaja: «Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram.» Ordet advent, det er latin og betyr komme og kjem frå uttrykket Adventus Domini, altså Herrens komme. Og adventstida ber med seg dette perspektivet på fleire måtar. Me ser fram til julehøgtida, me tenkjer på han som kom – og me ser fram mot han som kjem, Jesus.

 

Og profetane vitnar om Jesus, Messias som skulle koma. Frå gamal tid har profetane forkynt omvending, bot og alvor – men dei har også forkynt at ein dag skal håp, lys og glede stråla fram. I lys av profetane, så er adventstida ei tid for ettertanke, difor den fiolette fargen som gjerne kallast ettertankens farge. Ei tid for å spørja: Kva forhold har eg til Jesus, han som blei fødd julenatta? Kva mørke treng eg lys over i mitt liv? Kva håp har eg for framtida?

 

Og spørsmål og frustrasjon kan lett melde seg, særleg no når me har fått nye restriksjonar i fanget, på grunn av det vesle viruset ingen kan sjå, men som har sett heile verda på vent. Det ser mørkt ut, nok ein gong. Men ordet frå profeten står seg. «Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram.» og diktaren frå sokneprestens «heimland» sitt bodskap kling med: «Lyset du treng finst.»

 

For sjølv om restriksjonane legg ein dempar på livet framover, adventstid og julehøgtid, så har me ei glede å sjå fram til. Me har eit håp som bryt mørkret. Lyset me treng finst, og det strålar også fram – midt i mørke- og koronatida. Jesus kjem med lys inn i vårt mørke. For lys, det treng me, og det særleg no. Lys så me finn vegen. Lys så me ser forskjellen på det vonde og det gode. Lys så me finn sanning. Lys så me finn varme. Lys så me finn frelse. Lys så me finn tru. Lys så me finn håp. Lys så me finn kjærleiken.

Adventstida er tida som viser oss vegen. Tida kor me sundag etter sundag kjem nærmare og nærmare Betlehem, med god hjelp frå stjerna som viser oss, og dei tre vise, vegen. Vegen til barnet, lagt i ei krubbe. Gud blei menneske, som eit lite barn. For å gi oss håp. Og barna representerer jo det største av håp. «Lyset du treng finst.» Jesus kom, og han skal koma igjen. Det er adventstida sin bodskap. Me har eit lys og eit håp som ingen kan ta frå oss. Eller som preiketeksten 2. sundag i advent fortalte oss: «... eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.»

 

 

Det lyser i stille grender

av tindrande ljos ikveld,

og tusunde barnehender

mot himmelen ljosi held.

 

Og glade med song dei helsar

sin broder i himmelhall,

som kom og vart heimsens frelsar

som barn i ein vesal stall.

 

Han låg der med høy til pute,

og gret på si ringe seng,

men englane song der ute

på Betlehems aude eng.

 

Der song dei for fyrste gongen

ved natt over Davids by,

den evige himmelsongen

som alltid er ung og ny.

 

Den songen som atter tonar

med jubel kvar julenatt

om barnet, Guds Son, vår sonar,

som døden for evig batt.

(Jakob Sande, 1931)

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"