Er du vår nye diakon?

Det er ledig 100% stilling som diakon i Giske kyrkjelege fellesråd frå 01.09.22.

Er du vår nye diakon?

Giske kommune er ei kystkommune som ligg i Møre og Romsdal. Det er knapt 15 minutts køyring til Ålesund, gjennom undersjøiske tunellar. Ålesund lufthamn Vigra, ligg i Giske kommune. Kommunen har om lag 8 500 innbyggjarar, busett på 4 øyer bundne saman av bruer og tunellar. Kommunesenteret er på Valderøya. Giske kommune har ein flott og variert natur, med gode høve til friluftsliv på sjøen eller fjellet. I tillegg er det eit rikt kulturliv innanfor mange områder. Giske har gode skuletilbod og full barnehagedekning.

I fellesrådsområdet er det tre sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Giske, Valderøy og Vigra.  Staben i Giske tel i alt 11 personar med 2 prestestillingar, trusopplærar, diakon, 2 organistar, sekretær, kyrkjetenarar/ klokkarar og kyrkjeverje. Staben har kontor i Giske rådhus.

 

Giske kyrkjelege fellesråd søkjer

Diakon

Arbeidsoppgåver for diakonen:

  • Utføre diakontjenesten i samsvar med tenesteordning for diakoner i Den norske kyrkja og Giske kyrkjelege fellesråd sine planar
  • Ha eit særskilt ansvar for ungdomsarbeidet i aldersgruppa 14-18 år
  • Delta i konfirmantundervisninga, saman med prestane
  • Andakter til ulike aldersgrupper
  • Delta i stabsmøter
  • Skape gode møtestader i kyrkjelyden
  • Ta del i eksisterande kyrkjelydsarbeid som eldrearbeid, sorgarbeid i team med andre tilsette

 

Kvalifikasjonar for diakonen:

  • Diakonutdanning, i samsvar med tenesteordning og kvalifikasjonskrav for diakonar i Den Norske kyrkja.
  • Anna relevant utdanning /praksis vil også blir vurdert
  • Interesse og erfaring frå arbeid for og med menneske, samt erfaring frå arbeid med ungdom vil bli vektlagt
  • Gode formidlingsevne
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid
  • Tilsetting skjer med atterhald om vigsling, og at biskopen gir tenestebrev. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med godkjent diakonutdanning, vil søkjarar med anna relevant utdanning/praksis blir vurdert. Stillinga kan gjerast om til diakoniarbeidar etter godkjenning av Møre bispedømeråd.
  • Ynskje om erfaring i bruk av IKT-verktøy og med god kjennskap til bruk av sosiale media

 

Særskilte krav

Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkje.

Søkjar må også kommunisere godt på norsk, både munnleg og skrifteleg.

Søkjar må ha sertifikat og disponere bil. Ved tilsetjing må det framvisast politiattest etter trussamfunnslova § 20.

 

Lønnsvilkår

Løn etter avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
Medlemskap i KLP.

 

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Turid Urkedal Valderhaug tlf. 90 55 80 72 / 45 06 53 80.

 

Søknad med vitnemål og attestar vert å sende

Giske kyrkjelege fellesråd, Valderhaug 4, 6050 Valderøy  / turid.urkedal.valderhaug@giske.kommune.no innan 07.05.22

 

eller

på webcruiter.no

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"