Fasteaksjonen 2021

Kvart år har konfirmantane i Giske kommune, saman med konfirmantar over heile landet, samla inn pengar til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon ved å gå frå dør til dør med bøsse. Slik blir det ikkje i år, men innsamlingsaksjonen til Kirkens Nødhjelp blir å finne digitalt.

Konfirmantar Silje Strandmann og Emil Hauge

Vi må tenke på smittevern også når det gjeld slike innsamlingsaksjonar. Difor blir det ein digital aksjon, med ei digital bøsse for heile Giske kommune. Den digitale aksjonen er via facebook og ‘kyrkjene i Giske’ sin konto. Aksjonen startar 10.mars og held fram til påske.

Også dette året er tema vatn. Reint vatn er blitt enda viktigare i koronakrisa. Mange hundre millionar menneske manglar tilgang på reint vatn. Reint vatn er meir enn berre vatn. Reint vatn er ein nøkkel til liv, helse, likestilling og fred. Mange stader er det lang veg for å hente vatn. Ofte er det barna som må gjere dette. Då har dei ikkje tid til å gå på skulen. Mangel på vatn og ureint vatn får store ringverknader på eit lite samfunn.

Kirkens Nødhjelp er gode på vatn. Dei har stor kunnskap og røynsle med å gi landsbyar, flyktningeleire og samfunn tilgang på vatn.

250 kroner er nok til å gi eit menneske sikker tilgang på vatn for resten av livet. Når vi støttar Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon, er vi med på å gi menneske eit verdig liv og ein enklare kvardag.

I tillegg til facebookaksjonen, kan du gi via vipps 2426 eller sms, ved å sende VANN til 2426. Da gir du 250kr. Takk for di støtte.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"