KONFIRMANTANE KJEM – Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 5.april

Kirkens Nødhjelps årlege innsamlingsaksjon – Fasteaksjonen – blir igjen ein dør-til-dør aksjon. Tirsdag 5. april kjem konfirmantane rundt med bøsser.

Konfirmantar frå Giske er klare til å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp.  Frå venstre: Sondre, Kasper, Tobias, Magnus, Erlend

Konfirmantane i Giske kommune har dette som ei oppgåve i konfirmanttida. Men det er ikkje berre våre konfirmantar som går med bøsse denne dagen, over heile Norge skjer det same.

Ofte er krisene langt borte frå oss. Desse dagane har krisa kome nær. Krigen i Ukraina gir oss bilete av øydelagde hus, splitta familiar, menneske på flukt. Kirkens Nødhjelp har samarbeidspartnarar i landa som grenser til Ukraina og dei har delt ut tonnevis med det ein flyktning treng: mat, vatn, klede.

Pengane som blir samla inn i fasteaksjonen gir Kirkens Nødhjelp kraft til å handle raskt når ei krise skjer. Pengane blir óg brukt i langsiktige prosjekt mange stader i verda. Motto for aksjonen er: «Håp i ein drope vatn». Reint vatn treng ein i ein landsby i Afrika og det trengs til ein flyktning frå Urkaina.

Ta gjerne ut kontantar, slik at du har noko å leggje i bøssa til konfirmanten.  Har du ikkje kontantar, kan du vippse til 2426. Det vil óg bli ei digital innsamling.

TAKK for di støtte til Kirkens Nødhjelp.

                                                                                         Berit diakon

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"