Fastegudstenester i Johanneskapellet

I år, som tidlegare, vil me samlast til fastegudstenester i Johanneskapellet kvar onsdag, kl. 19.00, i fastetida no før påske.

Fastegudstenester i Johanneskapellet

I år har desse fastegudstenestene tema: «Fri og forankra – om Luthers vesle katekisme». I løpet av dei seks gudstenestene vil me gå gjennom dei seks delene av Luthers vesle katekisme, eit bok som er eit av dei forpliktande dokumenta til kyrkja vår. Ei bok som også har betydd mykje for kristenlivet i landet vårt og som kan hjelpa oss til å forstå viktige sider ved vår kristne tru. Tittelen har me stole frå ei bok gitt ut av Egil Sjaastad, tidl. lærar ved Fjellhaug misjonsskule, i fjor. Boka handlar nettopp om Luthers vesle katekisme.

Fastegudstenestene følgjer liturgien for aftanbøn (vesper) frå salmeboka, med unntak av den første som er ei skriftemålsgudsteneste. Gudstenestene består av preik, song og bøn. Og etterpå ønskjer me velkomne til ein kaffiprat for dei som ønskjer det. Planen og tema ser de nedanfor.

 

Vel møtt til fastegudstenester i Johanneskapellet!

 

  1. mars – Oskeonsdag: Skriftemålsgudsteneste. Tema: «Skriftemål»

 

  1. mars: Fastegudsteneste. Tema: «Dei ti boda»

 

  1. mars: Fastegudsteneste. Tema: «Fader vår»

 

  1. mars: Fastegudsteneste. Tema: «Truvedkjenninga»

 

  1. mars: Fastegudsteneste. Tema: «Dåpen»

 

  1. april: Fastegudsteneste. Tema: «Nattverden»
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"