Ledestjerna – ein julerefleksjon

Stjernene har fascinert oss til alle tider og vi har ein ibuande trong til å utforske. Eit nytt stort teleskop, James Webb teleskopet, skal etter planen sendast ut i verdsrommet julaftan i år. Det skal utforske galaksane og leite etter teikn til liv.

Ledestjerna – ein julerefleksjon

Når eg ser program om verdsrommet blir eg slått av undring over kor uendeleg stort det er, kor komplekst det er, og ikkje minst kor vakkert det er. Stjernene har vore nyttige også: Til å navigere etter. Finn ein Polarstjerna kan ein finne retninga mot nord. I våre eigne liv kan vi også ha ledestjerner til å navigere etter.


Slik som vismennene i julefortellingane hadde. Det var nokre astrologar i det
gamle Persia som var fascinert av stjernene. Dei var datidas akademikarar og politiske rådgjevarar. Og ei natt såg dei ei ny stjerne som dei ikkje hadde lagt merke til før. Samtidig, i ei lita bygd, hadde ei høggravid tenåring og han som ho var forlova med funne ly i den delen av huset der dyra var. Der fødde Maria Jesus.


For å finne fram til dette barnet hadde Gud gitt vismennene ei ledestjerne.
Vismennene valgte å respondere på det dei hadde sett, og følgde den. Først
leiar stjerna dei til palasset i Jerusalem. Til Kong Herodes sine religiøse
rådgjevarar som finn fram dei profetiske skriftene om dette barnet. Eg ser for meg at dei vise mennene får sitte saman med dei. Og dei lærde finn fram kvar einaste gamle bokrull og finn kvar einaste ledestjerne som i dei gamle bøkene peiker fram mot Han som skulle kome. Vismennene lener seg framover og lyttar intenst når dei les frå profeten Jesaja:

«Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han
namnet Immanuel»


Og dei bladde videre:


«For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans
skulder. Han har fått namnet Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far,
Fredsfyrste. Så skal herreveldet vera stort og freden utan ende over Davids
trone og hans kongerike.»


Dei fann fødestaden i profeten Mika:


«Du Betlehem i Juda land, blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste, for frå deg skal det koma ein fyrste, ein hyrding for mitt folk Israel.»

Dei heilage skriftene vart den andre ledestjerna, den som viste vegen heilt fram til kven dette barnet var.


For det var ikkje berre ein ny konge som vart fødd, men det var sjølvaste Han dei hadde venta på. Jesus. Som kom utanfor vår verd, utanfor galaksane og stjernene, og kom ned til oss. Og orda frå gammalt av, om Fredsfyrsten, den veldige Gud, den evige Far, Redningsmannen som ein dag skulle komme, var no i ferd med å gå i oppfylling. Gud kom til oss. Jesus kom for å gjere ende på døden. Han kom for å gi oss menneske eit liv saman med Gud som varer for alltid. Det er Gud si gåve til oss i dag.


Og eg trur at slik Gud plasserte ei ledestjerne for vismennene, midt i
stjernebilda dei studerte, så plasserer Gud ledestjerner for oss. Der vi er i
heimane våre, på skule og jobb, eller på tur i naturen, kan vi finne ledestjerner som viser oss vegen heim til seg. Sjå etter dei! Spør Gud om å vise dei for deg.


Eg trur han vil lede deg til seg, og til Ordet sitt, der vi ser han klarast.

Med ynskje om ei god jul!


Gunnhild A. Roaldsnes Bremer, prestevikar Valderøya sokn.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"