Festdag i Vigra kyrkje

2. sundag i advent vart ein festdag i Vigra kyrkje. Her var det tre dåp som er ein fest i seg sjølv, men det var også innviing av dei nye fiolette kyrkjetekstila som Dorthe Lervik har laga til kyrkja vår.

Dorthe Lervik og sokneprest Benjamin med messehakelen
Sokneprest Benjamin Bjørnsen Anda tok i bruk både stola og messehagel for første gong, og preikestolklede hang på preikestolen. Dorthe sa sjølv dette: "Eg håper at tekstilane saman med ordet og musikken kan formidle den viktige bodskapen kyrkja står for! Eg er audmjuk og takknemlig for oppdraget. For ganske lenge sidan jobba eg saman med tekstilkunstner Solveig Skeie Vinnes og ho oppfordra meg til å lage kyrkjetekstil til kyrkja eg er så gla i."
 
Dorthe fekk velfortent applaus, og leiar Knut Støbakk overrekte blom og takk frå Vigra sokneråd. I gudstenesta fortalte Dorthe om tekstila, og også symbolikken brukt på dei ulike tekstila:
 
Messehagelen - Framme ser vi eit gaffelkors med chi-rho, som er eit Kristussymbol. Eit gamalt og mykje brukt symbol. Det kan også symbolisere dei kristne i Jesus sitt følge. Bak på meseshagelen finn vi eit gaffelkors med trekant, eit treeiningssymbol utforma i kjærleikens farge. Linjene framme og bakt er utforma med sølvtråd. Dei fortel om lysstrålar, og Dorthe fortel at ho tenkjer at dei kjem frå både Gud og menneske. I advent, frå barnet vi venter på. Lysstrålar frå fredsfyrsten. Anne Grete Prøys seier det så fint: "Det skinte av barnet som kom hit med håpet om å forbinde himmel og jord."
 
Stolaen - Den er eit symbol i seg sjølv, i tillegg kan den forbinde himmel og jord symbolsk. Her er det forsterka med ei raud stripe. Elles fortel stolaen noko om oppdraget til den som ber den. Stolaen skal alltid ha eit kors i nakken. På kvar si side finn vi Kristussymbol og Alfa og Omega, begynnelsen og slutten, som vi kan lese om i openberringa. Desse to symbola ilag på stolaen kan representere Kristus først og sist. Her er det også stråler utforma i sølv. Dorthe forte at ho tenkjer at det kan vere lysstrålar frå Gud, og lysstrålar frå menneske som peiker på Gud og utfører gjerningar knytt til det oppdraget vi har som kristne. Stråler med lys, håp og glede.
 
Preikestolklede - Her finn vi igjen mykje av det same som vi finn i både stola og messehagel.
 
Vi håpar tekstila blir til glede og velsigning for menneska og kyrkja til pryd. Særs gledeleg at det er ein lokal kunstar som har laga dei. Vi er takknemlege for det flotte arbeidet Dorthe har lagt ned for at Vigra kyrkje endeleg skulle få eit sett med fiolette kyrkjetekstiler!
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"