Prestar på Valderøya

Prestevikarane Anita og Gunnhild har no starta si teneste for Valderøy sokn. Dei har si første gudsteneste i lag førstkomande søndag 27. juni kl. 11.00 i Vigra kyrkje. Vi gler oss til å samarbeide med dei og ønsker dei hjarteleg velkomne til oss! Ta godt i mot dei og hugs også på dei i bøn.

Gunnhild Bremer (t.v) og Anita Hagerup

Prestestudentane Anita Dyb Hagerup frå Vigra og Gunnhild Roaldsnes Bremer frå Valderøya, vil frå juni og utover vere prestevikarar i 50 % stilling kvar i Soknepreststillinga i Valderøya sokn. Begge to deler på arbeidet i kyrkjelyden, og på å ha gudstenester. I hovudsak vil fordelinga dei imellom bli slik at Gunnhild tek gravferder, og sit i Soknerådet, medan Anita Hagerup vil ha ansvaret for konfirmantane.


Anita Kristin Dyp Hagrup (31) frå Vigra, er busatt på Flisneset saman med ektemannen Åge og dattera Erelind Maria. Ho har studert Internasjonal Kommunikasjon i Australia, tatt bachelorgrad i Europastudier ved NTNU i Trondheim, samt Praktisk Pedagogisk Utdanning for å bli lærar. Etter nokre år som lærar på ein kristen skule i Tromsø, starta ho på presteutdanninga ved UIT som går over seks år. Ho er no halvveis i dette studiet og er tilsett i ei «prest i utdanning» ordning i Valderøya Kyrkje, som inneber at ho arbeidar som prest medan ho gjer ferdig studiane. Anita er glad i å skrive, gå tur i naturen nært havet, - og ho er glad i å vere sosial saman med folk. Favorittfortellingane hennar frå Bibelen handla mellom anna om Dronning Ester, og om kvinna som hadde vore sjuk i 12 år og vart gjort frisk av Jesus, og forteljingane om Jesu første møte med disiplane då Han var oppstanden. Det er forteljingar som er med å vitne om at Gud er med oss gjennom heile livet, i vår gjerning, i det som er krevjande, og at me alle kan leve i oppstandelsens håp, tenkjer Anita. Ho ser fram til arbeidet med konfirmantane, møte kyrkjelyden, og til å ta fatt på prestegjerninga på Valderøya.



Gunnhild Roaldsnes Bremer (42) er vokst opp på Valderøya, gift med Nate og har tre born. Ho er veldig fornøgd med å bu på Valderøya, og går så ofte ho kan ein tur i fjøra eller på fjellet. Ho er elles nysgjerrig på andre kulturar, og liker å prøve ut nye matretter. Favorittboka er bibelen. Favorittfortellinga i bibelen er historia om Sonen som kom heim. Slik faren tok imot sonen, tek Jesus imot oss og opnar vegen heim til Gud for oss.
Bachelor- og Masterstudier i fagfelta kristendom, bibelfag og lingvistikk (språk), starta ho ved Høgskulen i Volda, men fortsette ved ulike college i Cape Town, Texas og Vancouver.
Tidligare jobba ho og Nate i til saman 6 år i Etiopia med morsmålsundervisning i skulen, og seinare med muntleg bibeloversetting til eit lokalt språk.
Ho ser fram til å ta fatt på prestetenesta her på Valderøya medan ho gjer ferdig den praktisk-teologiske delen av presteutdanninga.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"