Omlegging av tak på Giske kyrkje

I midten av august starta arbeidet med å leggje om taket ved Giske kyrkje.

Omlegging av tak på Giske kyrkje

Varsamt vart dei gamle takhellene fjerna, steinen skal brukast om att. Det er viktig å ikkje få for mykje svinn. Det har gått 40 år har gått sidan sist det vart utført omfattande vedlikehald av taket på marmorkyrkja. Det har vore eit aukande problem med steinheller som har ramla ned, og orsaka skuldast rustne spikrar.

Vi kallar det «Skall-sikring», arbeid som sørgjer for at bygningar skal tole hardt klima og ikkje rotne. På Giske var det på tide å sjå nærare på tilstanden til kyrkjetaket.

Koronapengar

Midlar til takprosjektet på Giske kom frå staten gjennom Riksantikvaren. For koronaen har ført til auka tilskot frå staten for å halde hjula i gang under pandemien. Sikring og vedlikehald av gamle steinkyrkjer var satsingsområde. For Giske kyrkje var det taket som sto for tur. Søknadsfristen for å vere med i konkurransen om pengane var kort. Invitasjonen kom like før jul og i starten av februar i år var pengane fordelte.

Søknad vart sendt Riksantikvaren. Giske fekk 510 000 kroner. Kravet for støtte var og at den einskilde kommune skulle dekkje 40 prosent av kostnadane. For ei kommune som Giske med dårleg økonomi var dette umogeleg. Fellesrådet skrapa saman alt som var av reservemidlar og dette vart godkjent som eigenkapital. Totalkostnaden for prosjektet er på 850 000 kroner før moms  - dersom vi hadde venta med utbetring kunne prislappen blitt langt høgare.

Utførande er firma Vidar Godø AS. I tillegg til å utføre arbeidet forskriftsmessig, må dei mellom anna dokumentere og rapportere alt dei gjer, også med bilete av prosessen.

Taket var i forholdvis god stand, der var nokre rotne bord. No er dei utskifta og det er nye lekter, takpapp og dei øvste taktroa .

Dei gamle taksteinane på kyrkja kan ikkje bytast ut med nye. Uttrykket skal vere som før. I bårehuset har vi eit lager med slik stein. Steinhellene er det Elias Giske som ein gong i tida fekk tak i, sikra seg til framtidig bruk og desse har lege lagra i bårehuset. I slutten av september skal etter planen den siste taksteinen på Giske kyrkje vere på plass.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"