OM DEN STILLE VEKA OG PÅSKEHØGTIDA I GISKE

Vi hadde gleda oss til å få feira påskehøgtida saman i kyrkjene våre i år. Planane var klare, og sjølv om det var med restriksjonar såg vi verkeleg fram til påskefeiring. Men så kom kontrabeskjeden frå styresmaktene og nasjonalkyrkjeleg hald. Gudstenester må avlysast.

OM DEN STILLE VEKA OG PÅSKEHØGTIDA I GISKE

Det er trist å måtte gi meldinga vidare om at alle gudstenestene som var planlagd til påskehøgtida no er avlyst, også her i Giske.

Likevel er påskebodskapen levande, som våren bryt bodskapet om Jesu oppstode seg fram og midt i mørke koronatider. Som jærdiktaren Helge Torvund seier i eit kort dikt: «Lyset du treng finst.» Det vil bli nokre enkle digitale sendingar ein kan følgje med på via kyrkja si heimeside eller på kyrkja si Facebookside.

Bodskapen om Jesu siger over synd og død let seg ikkje stoppe. Difor feirar vi påske, sjølv om vi ikkje kan samlast. Påska blir ringt inn påskeaftan og prestar vil vere til stades i kyrkjene på dei ulike høgtidsdagane i bøn, song og lesing. Hugs at det også er mogleg å ta kontakt med oss om du ønskjer samtale, forbøn, skriftemål og/eller nattverd.

Så oppmuntrar vi til å markere påska i heimen. Samla dykk om dei digitale sendingane, be saman og les påskeforteljingane frå Bibelen.

Og ikkje minst: syng salmane – og bli med i koret som syng påskedag:

 

Deg være ære,

Herre over dødens makt!

Evig skal døden være

Kristus underlagt.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"