Giske kyrkje

Det einaste som står att og minner om fordums store tid på Giske, er den gamle marmorkyrkja. Marmoren må ha vore ført til Giske med båt, og ein veit ikkje kvar steinen er henta frå. Kyrkja er den eldste på Sunnmøre, og vart bygd som familiekapell for den mektige høvdingætta som i eldre tid budde på Giske. Med sin strenge og enkle arkitektur er kyrkja eit klassisk byggverk.

Giske kyrkje

"Giskekapellet ble det kosteligste lille monument i Norge", skriv riksantikvar dr. Harry Fett mellom anna i boka si "Historien og livet", og seier vidare: "Det er høvdingesinn, offervilje og ydmykhet i dette lille mesterverk. Intet omtrentlig, intet tilfældig, intet sat ind paa slump, men alt gjort med strengeste nøiaktighet. Her er intet av det næst bedste, som præger saa meget av vor kultur. Hver marmorkvader er som hugget av mesterhaand, nøiaktig og fornemt... "

Kyrkja er bygd i romansk stil med rundboga opningar i dører og vindauge. Frå først av var kykja utan våpenhuset på vestsida, som er bygt til seinare, og vindauga var mindre enn dei er no. Mellom skipet og koret var det før ei trang opning i staden for den store rundbogen. Tilfeldige dekorasjonar fins ikkje ved bygninga. Ei kraftig og rikt profilert fotlist går rundt veggane utvendig, og ei figurgruppe er innhogt over inngangsdøra mot sør. Denne figurgruppa viser det gamle kristne symbolet "Agnus Dei", krossen og bautasteinane skal tyde kristendommen sin siger over heidenskapen.

Ingen kan med visse seie kven som har bygd kyrkja, og dermed kor gamal ho er. Kyrkja er første gong nemnd i eit testamente frå år 1308, og i eit pavebrev frå 1345 vert det fortalt at ho er bygd som familiekapell - av ein av forfedrane til Erling Vidkunson - og til ære for jomfru Maria, evangelisten Johannes og konfessor Nicolas. I same pavebrevet vert det gitt "100 dagers avlat for begåtte synder" til dei som vitja kyrkja på desse helgenane sine dagar. Men brevet fortel ingen ting om kven av forfedrane som bygde kyrkja. Enkelte har nemnt Aagmund Torbergson (kring år 1070). Riksantikvar dr. Fett hevdar at byggherren må ha vore Nicolaus Kuvung i siste halvdel av 1100-åra.

(Henta frå brosjyre laga av Elias Giske og utgitt av sogelaget på Giske)

 

 

Møre bispedøme i samarbeid med Elias Storhaug laga i 2020 ein video om kyrkja som du kan sjå her:

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"