Smak av pilegrim og open kyrkje!

Vi arrangerer også i år ei lita pilegrimsvandring kvar torsdag i sommer. Men nytt av året er at du også kan gå på kafé i kyrkjekjellaren på Valderøya!

Pilegrim og kafé
I  sommar inviterer Kyrkja i Giske til Smak av pilegrim - torsdag  20. juni og  27. juni kl. 12.00. Oppmøte er ved inngangsporten ved kyrkja.
Vi går ein runde i området rundt kyrkja med ulike stopp og avsluttar i Giske kyrkje med moglegheit for stillheit.
Giske kyrkje er ein del av Kystpilegrimsleia. Ei pilegrimsvandring kan ha mange motiv - Å senke farta, stille, friheit og fellesskap. Det er fleire grunner til at menneske legg ut på ei pilegrimsvandring. Det konkrete målet er eitt av dei. I denne vandringa er det Giske kyrkje. I tillegg er det ei naturoppleving,  og ein får med seg lokal kulturhistorie.  Moderne pilegrimar legg ofte like mykje vekt på den indre prosessen i vandringa. I  vandringa på Giske leiter vi etter ulike spor av Gud i liva våre.  
 
Vi fortset Smak av pilegrim utover sommaren, men da ved og rundt Johanneskapellet ved Valderøy kyrkje. Johanneskapellet er open kvar torsdag frå 4. Juli - 8. August.  Oppmøte ved kyrkja kl. 12.00.

Smak av pilegrim

Det blir også kafédrift i kyrkjekjellaren i Valderøy kyrkje - drifta er det ungdommar med sommarjobb hos oss som står for og kaféen er open for alle! Opningstidene er kvar tirsdag og torsdag kl. 11 - 15 frå og med torsdag 27. juni til og med torsdag 8. august. Så ta med deg ein ven og stikk innom.

Velkomen til enkel pilegrimsvandring og kafé i kyrkja i sommar!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"